torsdag 4. oktober 2007


NITS konferansen på Bryne 20.-21. november 07.

Dette er ein konferanse som me sette igang etter å ha vore irritert over at f.eks. NKUL var så veldig kommersialistisk, der "alle" vil selga deg diverse dataløysingar av varierande kvalitet.

Her blir det ingen selgarar. Her er det praktiske nyttige tips kvar enkelt lærar skal få mange matnyttige tips om program og nettressurser som ikkje kostar noko. Den tar utgangspunkt i at dei fleste skulane har Windows som operativ system og korleis ein best kan nytta sine knappe ressursar.

Kva er best når det gjeld interaktive tavler? Ragna Langlo frå Statped Vest vil snakka om kva dei kan nyttast til og kva som er bra og ikkje så bra med ulike typer tavler. Ho vil også ha ein sesjon om korleis ein kan nytta tekstbehandlaren som pedagogisk verktøy.

Korleis kan me nytta IKT i naturfag? Wenche Erlien frå Naturfag.no har heile 3 sesjonar om dette, i tillegg viser Knut Konstali korleis han har nytta It's Learning som eit kjempegodt verkemiddel i naturfagundervisninga.

Hanne Madsen viser det fantastiske gratis matematikk programmet GeoGebra og Tor Espen Kristiansen viser også fram ulike program og nettressurser som han viser kva som er bra og ikkje så bra i forhold til ulike undervisningsmål i matematikk.

Ingrid Grønstad Arnesen frå Høgskulen Stord/Haugesund viser programmet Audacity som er veldig bra til komponering på data.

I tillegg kjem mange spennande sesjonar om Web2.0, nettvett, fri programvare og tankar om IKT i undervisninga i framtida.

Det vert også lagt opp til ei erfaringsutvekslingsøkt med ordstyrar innan ulike fag, så dersom du er interessert i IKT i skulen eller barnehagen, og kanksje har noko å bidra med til andre er dette vel verd å få med seg.

Trur dette blir ein fantastisk konferanse, som du ikkje bør gå glipp av...

Les meir på www.nits.no